Vi må bli betre til å samarbeide på Vestlandet

Tommy Aarethun vil ikkje stå att på ferjekaien når ferja til det grøne skiftet går. Dette meiner han Vestlandet må gjere no.

Tommy Aarethun er dagleg leiar i Initiativ Vest, ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet. Stiftinga skal synleggjera moglegheiter og utfordringar i regionen gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg.

Aarethun meiner Vestlandet har eit enormt potensial i møtet med det grøne skiftet.


–  Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?

– Om vi lukkast med å ta dette kvantespranget vil det byggje eit solid fundament for framtida i regionen. Vi må difor styrke regionen slik at vi kan utløyse potensialet, og løyse krevjande felles oppgåver. Staten bør leggje fleire oppgåver og musklar innanfor dette området til Vestlandet.

For å styrke regionen treng vi betre infrastruktur, ifølgje Aarethun: – Det handlar om vegprosjekt som knyt saman ei rekkje bu- og arbeidsmarknadsregionar langs kysten vår. Vi står føre ein digital transformasjon og treng breiband for å ta ein leiande posisjon. Det handlar også om vi har nok nettkapasitet til å føre fram straumen som er naudsynt for nye grøne industriprosjekt. I tillegg må vi sikre at vi har nok og riktig kompetanse til å møte dei utfordringane vi står ovanfor. Her har utdanningsinstitusjonane i regionen ei nøkkelrolle i samarbeid med næringslivet og offentleg sektor.


– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer det?

– Eg trur absolutt dette er eit område der vi må sjå på korleis vi kan verta betre framover. Vi må sikre at vi har eit verkemiddelapparat og system som gjer at vi får fart på ein del prosessar knytt til det grøne skiftet, og at vi ikkje står att på ferjekaien når ferja går.


– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?

– Vestlandet må styrke banda mot verda. Mange av næringane som dominerer kysten vår er alt svært internasjonale. Det må vi byggje vidare på i åra som kjem. Eg trur også dette er eit av områda der vi er tent med å samle oss på tvers av dei tre vestlandsfylka.

Han meiner vi burde samle oss om å fronte Vestlandet som havregion, og få fram moglegheitene som finns for internasjonale partnarar og alliansar, heller enn å krangle internt om kven som er leiande i regionen.


– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?

– Vi har ein unik kombinasjon av naturressursar, tillit og kompetanse. Det er eit solid fundament i møte med det grøne skiftet som vi må utnytte og kople. Dette vil gje oss store føremon i det globale kapplaupet.


– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flyttar ut av landsdelen. Kva trur du det skuldast, og kva kan vi gjere med det?

– Dette er eit svært viktig spørsmål, og noko vi må jobbe mykje meir med framover. Ein del handlar nok om at for mykje makt og spanande arbeidsplassar ligg i Oslo. Det bør vi, som bur på og er opptekne av utviklinga på Vestlandet, gjere noko med.

Han meiner vi må bli betre på å synleggjere både utfordringane og moglegheitene som finns i regionen. Kampanjar som #hvorforbergen er eit viktig bidrag til dette.

– Vi må i større grad kople unge personar på viktige prosessar og arenaer. Dette for å fange opp deira synspunkt og for å knyte dei tettare inn i samfunnslivet i regionen, seier Tommy Aarethun.

Forrige
Forrige

Fleire kvinner i leiarstillingar vil auka verdiskapinga

Neste
Neste

Kvifor er EU Vestlandets nye næringsdepartement?