Fleire kvinner i leiarstillingar vil auka verdiskapinga
Mobilitetshinder og mannsdominerte samfunn kan vere ein trussel for vidareutvikling av Vestlandet. Det positive er at det kan gjerast noko med.
Lene Trude Solheim er administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen. Ho meiner ferjefri E39 vil auka verdiskaping for Vestlandet.
– Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?
– Vi må jobbe vidare med realiseringa av ferjefri E39. Det er eit svært viktig prosjekt for heile Vestlandet, som igjen vil føre til auka verdiskaping for by og land. Kortare reisetid og effektiv kommunikasjon mellom Bergen og Sunnmøre vil bety svært mykje for næringslivet i regionen.
Solheim visar til rapporten «Det handler om Norge» (NOU 2020:15), som beskriv fleire sentrale demografiutfordringar og konsekvensar for distrikta.
– Ei viktig problemstilling er innlåsing av arbeidskraft og god jobb-match. På heile Vestlandet har vi mobilitetshinder, enten kostbare ferje eller lange reisevegar. Det er eit problem at personar som er 70 prosent kvalifisert for ein jobb i staden for 90 prosent, blir verande i arbeidet for å unngå pendling, forklarar ho.
– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer det?
– Både ja og nei. Nokre næringar har fått det til medan andre har eit stykke igjen. Mogelegheitene er heilt klar til stades, men rammevilkår frå myndigheitene og politiske insitament vil vere sentrale drivarar for å lukkast. Ein kan ikkje fortsetje med å belaste norske eigarar med særnorske skattar som formuesskatt, dersom ein ønskjer norsk privat eigarskap framover, seier Solheim.
– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?
– Investeringar i ny teknologi innan industri, transport og energisektoren vil bli avgjerande. Politisk vilje til samarbeid på tvers av regionar og land må til om vi skal lukkast med omstillinga. Arbeidet må gjerast og utviklast vidare gjennom allereie etablerte alliansar og møteplassar internasjonalt, tette relasjonar og samarbeid til EU er ein sjølvsagt ting for å lykkast, fortel Solheim.
– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?
– Vi har lange tradisjonar for omstilling og innovasjon, og har evna å flytte investeringar og satsing inn mot nye segment og vekstområde. Vestlandet har historisk sett vore sterke på eksport. Gode rammevilkår og økonomiske insitament kan stimulere til nye forretningsidear og organisasjonsformer. Dette blir viktigare enn nokon gong skal vi lukkast med den grøne omstillinga, og vidare skape grøn vekst.
– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flytter ut av landsdelen. Kva trur det skuldast, og kva kan vi gjere med det?
– Vi må arbeide vesentleg meir for likestilling. Fleire av næringane på Vestlandet er tungt mannsdominerte. Det er svært få rollemodellar som er kvinner, det være seg toppleiarar, mellomleiarar og styremedlemmer. Det er også menn som oftast blir profilert gjennom media. Dette betyr at mange høgt utdanna kvinner ikkje ser korleis dei skal kunne finne sin plass eller sine moglegheiter på Vestlandet.
Fordommar og umedviten der kvinner ikkje slepp til, er ei av våre største farar. Men det er også vår største moglegheit, meiner Solheim.
– 50 prosent av befolkninga på Vestlandet er kvinner. Det finns heilt sikkert like mange styrekandidatar og leiaremne i denne gruppa. Vi skrik etter kompetanse og meir arbeidskraft. Dersom vi kan nytte oss betre av denne delen av befolkninga, burde det verken mangle leiaremne eller styremedlemmar på Vestandet framover.