Vestlandet treng fleire grøne arbeidsplassar
Marknadene endrar seg raskt. Når nokon er klare til å satsa stort, bør verkemiddelapparatet stå klart for dei, meiner Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune.
Vestlandet har snudd seg etter nye marknader fleire gonger, og denne erfaringa gjer det enklare for oss å gjere det igjen.
– Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?
– Utvilsamt den store omstillinga som krevst innan det grøne skiftet. Me må omstilla oss frå å vera ein landsdel som baserer seg på oljeindustrien og inntekter frå fossil energi, til å gjera store og nye satsingar innan havvind, karbonfangst- og lagring, hydrogen og batteriteknologi, seier Chesak.
Sjølv om det skjer svært mykje på desse områda allereie, må det leggast til rette for flest mogleg grøne arbeidsplassar i landsdelen vår, meiner fylkesordføraren:
– Kompetanse frå skipsfart på Haugalandet, oljetradisjonane i Stavangerregionen og leverandørindustrien på Jæren gjer oss i stand til å prega utviklinga framover. Kampen om posisjonar og verdikjedar er for lengst i gang. Me må jobba for at eit konkurransedyktig næringsliv, og for at landsdelen skal vere attraktiv å bu og arbeida i. Vår rolle er å vera pådrivar saman med næringa, med regional kunnskap og verkemidlar.
– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer det?
– Det stemmer nok til ein viss grad på nokre område, for me kan bli endå betre på å skalera og industrialisera. Det trengst konkurransedyktige rammevilkår og gode støtteordningar for å lykkast med etablering av nye industriarbeidsplassar. Me må arbeida for at norske og utanlandske selskap som vil etablera seg i Noreg får like gode vilkår som elles i Europa, seier Chesak:
– Støtteordningane for industrialisering og storskalaproduksjon må blir like gode som støtteordningane som finns for forsking, utvikling og utprøving av grøn teknologi. Når nokon er klare til å satsa stort, bør verkemiddelapparatet stå klart for dei.
– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?
– Me må styrka det internasjonale samarbeidet og vera endå tettare på det som skjer internasjonalt. EUs klimamål og taksonomi legg føringar for all aktivitet i den indre marknaden. Derfor er det viktig at både me som folkevalde, men også bedriftseigarar, byråkratar og andre forstår dei reguleringane som gjeld slik at me kan vera med og setta agenda.
Ho visar til EU-prosjekter som PIME’S, Triangulum og TrAM har bidratt til ny kunnskap i regionen og at dette gode arbeidet må fortsetja.
–Sjømatnæringa, maritim næring, prosessindustri og fornybarnæringa har gode moglegheiter for eksport i ei verd med fleire lågutsleppssamfunn. Det er viktig å hjelpa fleire selskap å nå ein internasjonal marknad. Mange bedrifter manglar internasjonale kontaktar og samarbeidspartnarar og kunnskap om korleis dei kan nå ut til ein global marknad.
– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?
– Me har allereie eit teknologisk forsprang på fleire område med tilgang til store areal, unike naturressursar og svært mykje kompetanse frå oljeindustrien. Sjølv om me har tilgang til rein og fornybar straum gjennom vasskrafta våre, kan det bli utfordrande å produsere nok kraft til dei behova og dei nye, kraftkrevjande industriane som melder seg.
Ho trekkjer fram offensive og omstillingsdyktige utdanningsinstitusjonar som satsar på nye og relevante utdanningsløp, og at god kontakt med styresmakter i inn- og utland er eit fortrinn.
– Vestlandet har eit stort konkurransefortrinn innan internasjonalt samarbeid fordi me har utvikla dette samarbeidet gjennom ei årrekke, seier Chesak og visar til petroleumsindustrien.
– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flytter ut av landsdelen. Kva trur det skuldast, og kva kan vi gjere med det?
– Rogaland er framleis eit av dei fylka i Noreg som har yngst befolkning. Arbeidsmarknaden har bidratt til innvandring og innflytting av unge i etableringsfasen, forklarar Chesak.
Arbeidsmarknaden har mykje å seia for befolkningssamansetninga.
– For å vera ein konkurransedyktig landsdel må Vestlandet trekka til seg innflyttarar, og sørga for at dei som allereie bur her trivst godt og ikkje ønsker å flytta ut. Arbeid, bustadtilbod, kulturopplevingar, tilgang på rekreasjonsområde og utdanningsmoglegheiter er viktige faktorar for å vera ein attraktiv landsdel for unge menneske, seier Chesak.