- Vestlandet bør ikkje kopiera Silicon Valley
Massiv satsing på startups og nye idear, førar ikkje nødvendigvis til fleire arbeidsplassar i regionen, åtvarar innovasjonsprofessor Dan Breznitz.
Dan Breznitz er ein anerkjent forskar innan innovasjon og innovasjonspolitikk, og er ein av hovudtalarane på Vestlandskonferansen 5. april. I boka hans «Innovation in Real Places», rådar han regionar og byer til å droppe Silicon Valley-modellen og heller investere i innovasjon som gjer fordelar for alle.
Vi er for dårlege til å forklare myndigheiter og næringslivsleiarar betydninga av innovasjon, meiner Breznit. Difor bestemte han seg for å skrive ei bok om korleis innovasjon kan skape vekst i eit samfunn, for å hjelpe myndigheitene til å ta avgjerder som er bra for Vestlandet.
– I forskinga mi ser eg at alt for mange land og regionar prøver å etterlikne Silicon Valley. Men ein slik politikk med massiv satsing på startups og nye idear førar ikkje nødvendigvis til fleire arbeidsplassar i regionen. Det kan i staden føre til eit stort klasseskilje, fordi dei offentlege ressursane tilkjem dei få, men utan å skape lokale arbeidsplassar, forklarar Breznitz.
Gjer vi feil i å ikkje eige vår eige verdikjede?
Bak eit produkt, er det ofte mange involverte partar frå ulike verdsdelar. Produksjonen og innovasjonen skjer fragmentert før produkta blir satt saman i fabrikken.
– Alle delane av verdikjeda er spesialiserte og effektiviserte gjennom kontinuerleg innovasjon. Eit utslag er at vi manglar halvleiarar i verda, som i stor grad vert produsert i Taiwan. Det meste innan elektronikk treng halvleiarar, og mange produkt frå små elektronikk til biler er stoppa opp på grunn av forseinkingar i denne delen av verdikjeda, fortel Breznitz.
Å ta kontroll over verdikjeda er lettare sagt enn gjort. EU ønskjer å flytte produksjonen heim til Europa, men det er ikkje så lett nå Taiwan ligg så langt framfor teknologisk.
– Produkta vil i så fall bli langt dyrare og det vil ta tid å utvikle dette frå grunn av for EU-landa, forklarar Breznitz.
Kva kan Vestlandet gjere for å bidra til innovasjon og vekst?
– Vestlandet må sjå til regionar som har lukkast, til dømes Riviera Del Brenta i Italia, som produserer kvalitetssko for luksusmarknaden. I fleire år har regionen systematisk satsa på ein strategi for korleis regionen skal vere i front, seier Breznitz.
Han beskriv området som ein typisk «steg 2-region», som har perfeksjonert design og prototyping av nye kvalitetssko.
– Dette har dei gjort gjennom utdanning tilpassa næringslivet og utvikling av finansiell støtte, og ved at regionen står saman når dei skal ut for å nå dei store marknadene med Exhibitions og salskanalar, forklarar Breznitz.
Delar innovasjon inn i fire steg
I boka foreslår forskaren nokre verktøy som kan nyttast for å lage ein strategisk plan for ein region. Han deler innovasjon inn i fire steg. Han meiner at ein region ikkje kan vere god på alle tre, men må velje ein utifrå kva regionen har gode føresetnader i.
Steg 1 er ein typisk «Silicon Valley-region», der alt handlar om oppfinningar av nye produkt. Steg 2 er prega av prototyping og produktutvikling, medan steg 3 tar for seg andre generasjons produktutvikling og komponentinnovasjon. Her spesialiserer bedrifter seg på å gjere eksisterande produkt og teknologiar betre til ei større kundegruppe.
Til slutt har du steg 4, som handlar om masseproduksjon. Produktet blei kanskje oppfunnen i Silicon Valley, men regionar som legg til rette for samleband-produksjon, slik som Shenzhen i Kina, får arbeidsplassane. Stort sett kva som helst kan produserast i Shenzhen fordi kontinuerleg innovasjon har gjort dei fabrikkane effektive.
Kan Vestlandet klare omstillinga vi står midt i?
Ja, meiner Breznitz. Vestlandet må klare det.
– Men Vestlandet må tenka nytt. Hugs, Nokia starta ikkje som eit mobilselskap. Mange av selskapa på Vestlandet er retta inn mot olje og gass, men det er ikkje sikkert at dei utnyttar potensialet for teknologien dei har utvikla. Kanskje dei rettar seg mot feil marknad, spør forskaren.
Vi må evne å sjå lenger fram i tid, og vurdera om teknologien kan utviklast for å lage nye produkt som når nye kundegrupper.
– Dei selskapa som gjer det, vil overleve, seier Breznitz.