Noreg må ut av oljetåka

Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse.

Vi må flytte kapitalen og kompetansen vår ut av fossile næringar, meiner Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse.

Stiftelsen er omtalt som Norges grøne tankesmie, og arbeider for eit samfunn utan utslepp av menneskeskapte klimagassar.


– Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?

– Vestlandets viktigaste kvantesprang er Noregs kvantesprang: Vi må snarast kome oss ut av oljetåka. Det betyr å flytte kapitalen og kompetansen ut av det fossile og inn i nye næringar som har framtida framfor seg.

Michelsen presiserer at dette er næringar som ikkje øydelegg klimaet, slik som olje- og gassindustrien gjer.

– Det kan vera snakk om veldig mykje forskjellig, for det er ikkje éi enkelt næring som skal overta for petroleumssektoren.


– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer dette?

– Det er også inntrykket mitt, men så blir spørsmålet kva ein skal gjere med det. Politisk sett, meiner eg det handlar om å etablere målretta støtteordningar for kommersialisering.

Her forklarar Michelsen om at vi må lære av landa rundt oss.

– Til dømes kan ein sjå på mekanismar slik som «differansekontraktar». Men det er samstundes ikkje nok å berre peike på politikarane. Vi treng også langt meir risikovillig privat kapital, så her må næringslivet sjølv ta ansvar.


– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?

– Vestlandet må ha blikket mot Europa og vi må oppføre oss som om vi er eit fullverdig medlem av EU. Samstundes må vi også arbeide for fullverdig norsk EU-medlemskap.

Eit slikt utanforskap vil være ein hemsko i det skiftet vi skal gjennomføra, hevdar Michelsen:

– Vi kjem på etterskot i alle politiske prosessar som påverkar oss, og vi risikerer redusert marknadstilgang for nye, grøne industrivarer. Batteritollsaka er eit døme på det. Eit medlemskap ville òg kunne gje oss større tilgang til stadig viktigare EU-finansiering.


– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?

– Folka er det unike og det som gjer at vi kjem til å lukkast. Vestlendingen er bygd for å få ting gjort. Vi ventar ikkje på at andre skal gjere jobben, slik ein ofte opplever i andre delar av landet.


– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flytter ut av landsdelen. Kva trur det skyldast, og kva kan vi gjere med det?

– Problemet er ikkje at unge flyttar ut, men at for mange ikkje kjem tilbake når dei skal etablere seg.

Michelsen fastslår at forklaringa på dette er godt synleg på Finn.no.

– For ein nyutdanna med universitetsgrad er det minst ti gongar fleire interessante jobbar i Oslo enn på Vestlandet. Eg har ikkje svaret på kva vi skal gjere, men ein start er å vedgå dette som eit faktum.

Forrige
Forrige

- Fordelane med å bu på Vestlandet er underkommunisert

Neste
Neste

- Vestlandet bør ikkje kopiera Silicon Valley