- Fordelane med å bu på Vestlandet er underkommunisert

Torstein Fjelltveit Skagseth, strategisk rådgiver og prosjektleder i Knowit Experience Bergen

For at Vestlandet skal bli ein attraktiv stad å starte bedrift og flytte heimatt til, må vi forsterke banda mellom teknologi, næringsliv og akademia. Det meiner Torstein Fjelltveit Skagseth, strategisk rådgivar og prosjektleiar i Knowit Experience Bergen.

Knowit er eit nordisk konsulentfirma som støttar bedrifter og organisasjonar i den digitale omstillinga.


– Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?

– Vårt største kvantesprang er at vi i stor skala klarar å vri og vidareforedle den sterke og breie kompetansen vi har innanfor olje og gass, til å bli eit konkurransefortrinn i det grøne skiftet, seier Torstein Fjelltveit Skagseth,


– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer det?

– Eg synest det er litt strengt å sei at vi er dårlege på det, men vi må sjølvsagt alltid strekkje oss etter å bli betre.

Skagseth meiner vi må forsterke dei gode banda mellom akademia og næringsliv, forskarar og investorar:

– Her i vest må tore å satse meir, tore å tenkje større og ikkje vere så redde for å feile. Kanskje vi burde definert nokre satsingsområde på regionalt nivå, med tilhøyrande gode ordningar for finansiering?


– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?

– Eg meiner vi må rigge oss slik at vi blir ein attraktiv stad for internasjonale aktørar å etablere seg. Litt på same måte som vi gjorde i starten på oljetida, då vi hadde klare rammer og vilkår definert på statleg nivå.

Vestlandet er, og må fortsetje å vere, eit trygt og føreseieleg stad å bygge verksemda si, understrekar Skagseth.


– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?

– Vestlandet er unikt på mange måtar, men det er naturleg å trekke fram dei naturgitte fordelane våre med tilgang på rein energi og nærleik til havet.

Skagseth er sikker på at Vestlandet vil kunne vere godt førebudd på dei kommande endringane.

– Dersom vi klarar å byggje vidare på dei tette banda vi har mellom teknologi, industri og akademia og saman vidareforedle den sterke kompetansen vår innanfor havnæringane, som vi har opparbeidd over lang tid, er eg overtydd om at vi er godt rigga til å vere i førarsetet når industrien i framtida skal byggast opp. Det vere seg innanfor havbruk, havvind, grøn maritim skipsfart, marine mineral og liknande.


– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flytter ut av landsdelen. Kva trur det skuldast, og kva kan vi gjere med det?

– Vi må vere ærlege på at ingen av byane på Vestlandet er storbyar, og marknadsføre oss deretter.

Skagseth legg også til at vi må bli betre på å kommunisere kvifor det er bra å bu og jobbe her på Vestlandet.

– Kva får du her som du ikkje får i Oslo, København eller London? Eg synest at #hvorforbergen-bølgja på LinkedIn har peika på eit par bra ting. Som til dømes at selskapa i regionen må bli endå betre på å marknadsføre seg og kva moglegheiter dei har å by på!

Forrige
Forrige

- Vestlandet vil lukkast fordi vi må

Neste
Neste

Noreg må ut av oljetåka