- Vestlandet vil lukkast fordi vi må
No må vi gjere oss attraktive, slik at vi får tilgang på nok kompetanse. Det meiner Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar i The North West.
The North West er ein arena for berekraftig regionutvikling. Dei arbeider kontinuerleg for å bidra til berekraftig samfunns- og næringsutvikling gjennom ulike prosjekt, møteplassar og samfunnsdebattar.
– Kva blir Vestlandets viktigaste kvantesprang sett frå din ståstad?
– Ein kan trekkje fram både overgangen til fornybarsamfunnet og bruk av marine ressursar. Men eg trur det viktigaste for Vestlandet er korleis vi klarar å byggje ein attraktiv region der alle arbeider mot same mål. Dersom vi ikkje er attraktive, har vekst og tilflytting, vil vi mislukkast i alle dei store omstillingane vi skal gjennom.
Langset meiner mykje ligg til rette for Vestlandet, men at vi må samle krefter og finne inspirasjon utanfrå:
– Dersom vi ikkje har dei rette folka med den rette kompetansen, kjem vi ikkje i mål. Det betyr at vi må sjå til Oslo, Stockholm og København og lære derifrå. Vi må innsjå at vi ikkje konkurrerer mot kvarandre, at kommunegrenser er av underordna betyding og at andre sin suksess også er positivt for ein sjølv.
– Vestlandsmeldinga peikar på at Vestlandet er gode på pilotering, men dårleg på kommersialisering. Stemmer det?
– Det trur eg i stor grad er riktig. Vi er innovative og utviklar mykje spanande teknologi og bedrifter, men det hamnar ofte i utanlandske hender. Vi har slikt sett sterke gründermiljø, men manglar likevel litt på forvalting og drift.
Eit distansert eigarskap har fungert i mange samanhengar, men eit regionalt eigarskap gir ei tilhøyring og ein kompetanse som vi ikkje må ta for gitt, meiner Langset.
– Vestlandet treng fleire partnarskap og nye internasjonale alliansar for å stå sterkare i konkurransemarknaden. Kva bør vi gjere for å få dette til?
– Vi må ta ein posisjon. Vi er den fremste havregionen i verda, og den posisjonen må vi eige. Så må vi også vere til stades både på den nasjonale og internasjonale scena, og bruke tid på å byggje relasjonar.
– Kva er unikt med Vestlandet? Og kvifor vil Vestlandet lukkast i den grøne omstillinga?
– Det som er unikt, er evna til omstilling. I alle år har ein drive med omstilling her på Vestlandet, fordi ein har vore nøydd. No er vi i same situasjon, og vi vil lukkast fordi vi må. Spørsmålet er heller om det vert på ein pro-aktiv eller re-aktiv måte. Eg håpar på det fyste, fortel Langset.
– Vestlandsmeldinga peikar på at unge i alderen 20-29 flytter ut av landsdelen. Kva trur det skuldast, og kva kan vi gjere med det?
– Det er nok mange faktorar som avgjer det, men det eg trur er vesentleg er; moglegheitene i arbeidslivet når ein er ung. Vi må verte flinkare til å satse på unge personar og gi dei posisjonar. Det kan ikkje vere slik at ein må til Oslo for å kunne klatre i gradane. Det handlar om å lyse ut stillingar offentleg, sjå forbi erfaring og gi folk sjansen.
Det som skjer utanfor arbeid, er like viktig som på arbeid:
– Eg trur at det urbane bylivet er veldig viktig, slik som det å bygge sterke sentrum med gode urbane kvalitetar, kunst og kultur vil være kritisk.
Det ikkje nødvendigvis negativt at folk flyttar herifrå, så lenge andre flyttar inn.
– Eg trur vi bør bruke meir tid på å få folk til å flytte hit, enn på å hindre at andre reiser. Folk vil vere på det vinnande laget!