Kvifor er EU Vestlandets nye næringsdepartement?
Av: Frode Nergaard Fjeldstad
EU har blitt ei kjelde til finansiering av ny innovasjon. Korleis kan Vestlandet dra nytte av dette og auke eksporten til vår viktigaste marknad?
Før bestod EU av nokre få vestlege land. Med øst-utvidinga har EU teke eit kvantesprang som satsar tungt på omstilling av økonomien i grønare retning med Green Deal.
Grean Deal akselererer klima- og miljøagendaen i vårt viktigaste eksportmarknad, Europa. EU har forsterka klimamåla og skal kutta 55 prosent i CO2-utsleppa innan 2030.
Tiltaket skal bidra til at Europa blir eit lågutsleppssamfunn og auke den globale konkurransekrafta til europeisk næringsliv, samtidig som EU fører ein sosialt rettferdig klimapolitikk.
EU avgjer kva som er berekraftig
Sidan den indre marknaden vart etablert har EU handla om å laga felles konkurransereglar for økonomiske aktivitetar. Reglane grip endå djupare no når berekraft vert tatt med.
Men kva er eigentleg ei berekraftig investering? For å avgjere dette, har EU utvikla eit felles klassifiseringssystem; EU sin taksonomi for berekraftige investeringar. Taksonomien er meint for å hjelpe investorar, selskap og myndigheiter som ønskjer å investere i og utvikle berekraftige investeringar.
Er di bedrift berekraftig?
Å få bedrifta si klassifisert som berekraftig, kan vere avgjerande for framtidig kapitaltilgang til investeringar. Agenda Vestlandet har difor utarbeida eit verktøy der du kan teste om bedrifta di er berekraftig i tråd med EU sine reglar.
Ta testen: Er di bedrift berekraftig?
Slik skaffar du pengar til innovasjon frå EU
EØS-avtala er livlina som gjer at Noreg må følgje dei same reglane som i EU. Avtala er heilt avgjerande for Vestlandet sin eksportavhengige økonomi.
Visste du at EU har sett av 1000 milliardar euro til «Green Deal», og at norske bedrifter kan søkje støtte til innovasjonsutvikling?
Det er ikkje lett å finne fram, men vi har laga ein guide inn:
Video: Kordan kan EU-finansiering auke den grøne konkurransekrafte til bedrifter på Vestlandet?
Les meir om korleis du skaffar pengar til di bedrift.
Guide: Slik skaffar du pengar til innovasjonsutvikling i di bedrift
På Vestlandskonferansen tysdag 5. april får du vite meir om EU og korleis Vestlandet kan auke eksporten til vår viktigaste marknad. Les meir om programmet.