Kven vil du sjå på scena på Vestlandskonferansen?

F.v.: Tore Gjedebo, Kristine Timberlid (Innovasjon Noreg) og Karl Johan Lier (Autostore). Moderator, Kjetil H. Dale.

Vestlandskonferansen er vår felles mobilisering for å sette fart på grøne skiftet på Vestlandet. Årets tema er #handlekraft, og du kan komme med innspel til innleiarar og bedriftscase.

Årets tema er - Handlekraft
Har du vore på Vestlandskonferansen veit du at konferansen skil seg frå andre tradisjonelle konferansar, med sin kompakte form. Mellom 30 til 40 personar er på scena, innlegga er korte og presise. Dagen er spekka med relevante foredragshaldarar gode bedriftscase som viser veg i den grøne omstillinga.

Årets tema er #handlekraft. Akkurat no er det behov for leiarskap både i privat og offentleg sektor i møte med klimakrise, energikrise, inflasjon og eit usikkert verdsbilete.

Gode bedriftscase
Kjenner du til den bedrifta som har gjort omfattande endringar av forretningsmodellen, og blitt meir lønsam?  Eller nystarta bedrifter som skapar nye grøne arbeidsplassar på Vestlandet? Send oss ditt innspel på bedrifter som er ein drivkraft i det grøne skiftet. 

Folk som inspirerer til endring
Kven inspirerer deg akkurat no? Korleis tek vi leiarskap der vi er? Skal Vestlandet lukkast må alle vi bur og verkar her bidra til endring. Vi kjempar mot demografi, økonomisk ustabile tider og må skape fleire grøne arbeidsplassar for å skape ein region i vekst for framtida. Send oss ditt innspel på foredragshaldarar som inspirerer til endring, og som du veit andre vil lære av.

Send oss dine innspel via dette skjemaet, og tusen takk for du hjelper oss å gjere Vestlandskonferansen enno litt betre!

Velkommen i Grieghallen 14. februar 2023!

Venleg helsing oss i
Vestlandskonferanse-teamet 

Forrige
Forrige

Korleis redusere utslepp og samtidig skape nye arbeidsplassar?

Neste
Neste

Fullbooka konferanse på éin dag