Korleis redusere utslepp og samtidig skape nye arbeidsplassar?
Industrien er ein av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg. Heile 43 prosent av klimagassutsleppa i dei tre Vestlandsfylka kjem frå industrien. Men korleis skal vi klare å redusere utslepp og samtidig skape fleire grøne arbeidsplassar?
I lang tid var industrien den største største utsleppssektoren i Noreg, men i dag er det den tredje største. Utsleppa frå sektoren er redusert med 40 prosent sidan 1990. Størsteparten av nedgangen kom før 2010, og skuldast mindre utslepp frå andre klimagassar enn CO2.
Dei tre Vestlandsfylka er alle tunge industrifylke med mange arbeidsplassar i industrien. Av dei 13 mill. tonn CO2-ekvivalentane desse fylka slapp ut i 2020, utgjorde utslepp frå industrien, 5,6 mill. tonn, altså om lag 43 prosent (kjelde: Tilnull.no). Det er difor vi kan seie at det er på Vestlandet at den grøne omstillinga faktisk skjer. Skal vi klare å nå klimamåla, må utsleppa frå industrien reduserast kraftig fram mot 2030, samtidig som ein sikrar eller skapar fleire grøne arbeidsplassar.
Dei fleste industribedriftene på Vestlandet er hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunn i distrikta, og har overlevd beinhard internasjonal konkurranse. Grunnsteinen har vore tilgang på billeg vasskraft i heile etterkrigstida.
Ekspertutvalet Prosess 21, oppnemnd av Nærings- og fiskeridepartementet i 2018, la fram sin hovudrapport i 2021. Hovudkonklusjonen til evalueringa er at prosessindustrien kan halvere utsleppa fram mot 2030, og realisere visjonen om nullutslepp innan 2050.
På Vestlandskonferansen vil vi sjå nærmare på korleis industrien på Vestlandet no endrar produksjonen i meir berekraftig retning, med lågare utslepp, og som sikrar konkurransekrafta til bedriftene. Vi har mellom anna invitert, industrileiaren og politikaren, Eivind Reiten. Han har vore generaldirektør i Norsk Hydro, styreleiar i Statoil, Posten Noreg, Telenor og er styreleier i industrigiganten KONGSBERG. Alle selskap som har gått gjennom omfattande omstillingar dei siste åra. Eivind Reiten var statsråd i Olje- og Energidepartementet då energilova var vedteken i 1990, som liberaliserte den norske kraftmarknaden.
På konferansen kjem òg Kjetel Digre, CEO i Aker Solutions. Eit selskap har vore tungt inne i olje og gass, men som no satsar tungt i nye grøne forretningsområde, som til dømes offshore havvind. I denne videoen kan du lære meir om korleis Aker Solution no ønskjer å ta ein marknadsposisjon i offshore vind, med å lage subsea transformatorar, som kan bringe krafta til land:
Kva meiner du?
Di stemme er viktig. Delta i debatten om korleis vi skal forme framtida på Vestlandet. Bruk #vestlandskonferansen og #handlekraft.