Fullbooka konferanse på éin dag
Interessa for Vestlandets viktigaste konferanse for politikk, næringsliv, globalisering og teknologi har vore enorm. Billettane vart lagt ut 15. november og revet bort på få timar. Men fortvil ikkje, det er framleis mogeleg å kome med.
Vi opplever ei fantastisk interesse for Vestlandskonferansen 14. februar 2023. Tre månader før sjølve konferansen startar, vart billettane reve bort. 1500 konferansedeltakarar i ein fullsatt Grieghall er no klare for å lære om korleis vi vestlendingar skal ta leiarskap i møte med klimakrise, energikrise og ein krevjande global verden.
Framleis mogeleg å melde seg på
Vanlegvis vil ein del melde avbud inn mot konferansedagen, og har du meldt deg på venteliste vil du fortløpande bli tildelt plass, dersom det blir ledig. Du mottar då ein epost frå oss med stadfesting. Meld deg på venteliste her.
Delta i debatten
Vestlandskonferansen er vår felles mobilisering for å skape ein livskraftig region i vekst. Di stemme er viktig. Delta i debatten på sosiale media, og bruk gjerne #handlekraft.
Takk for interessa, og velkommen til konferanse!