Krafta i eit OSS
Den menneskelege evna til samarbeid er ei suveren kraft som ligg djupt forankra i DNAet. Med vitskap i hand viser den kanadiske psykologiprofessoren Van Bavel korleis vi kan gjere vårt for å dempe polariseringa som truar demokrati verda over.
– I det kollektive OSS ligg ei utemd kraft!
Den kanadiske professoren i psykologi, Jay Van Bavel, har fengsla publikum verda over med bestseljaren The Power of Us. No kjem han til Vestlandskonferansen med si banebrytande forsking om sprengkrafta i fellesskapet.
Vestlendingen må utnytte krafta si
– The Power of Us er ei av dei aller viktigaste bøkene eg har lese. Van Bavel viser oss, heilt konkret, korleis vi kan halde flokken samla og samarbeide enno meir effektivt for å sikre ei berekraftig framtid.
Det seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet. Ho har henta Van Bavel til Vestlandskonferansen av ein grunn.
– Van Bavel viser oss, heilt konkret, korleis vi kan halde flokken samla og samarbeide enda meir effektivt for å sikre ei berekraftig framtid, seier ho.
Kven vil eg vere?
Dei sosiale nettverka våre formar oss nemleg i større grad enn vi likar å tru. I dei ulike sosiale nettverka i livet finn vi kjelder til motivasjon, læring og gjennomslag, men også til fordomar, polarisering, moralisering og einsretting.
Kven du er, er i følgje Van Bavel ikkje ein fast storleik som du må finne, men noko som endrar seg gjennom heile livet. Du blir forma av dei sosiale nettverka du blir fødd inn i, og gjennom kva grupper du vel å gå inn i. Kven du dannar band og alliansar med, og kven du definerer som dine lag, har alt å seie for kven du reknar deg som.
– Det er ikkje lenger så interessant å spørje seg «kven er eg?». No gjeld det å spørje «kven vil eg vere?», seier han.
Anten vi avviser eller omfamnar oppfatningar om oss sjølve, eller vi utfordrar gruppene våre innanfrå til å bli betre, eller vi organiserer oss i solidaritet for å endre verda, så tek vi kontroll over kven vi ønskjer å vere.
Politikk, næringsliv og kjensleliv
– Menneskeheita må løyse kritiske spørsmål, som auka ulikheit, klimaendringar og demokratiske tilbakefall. Skal vi klare å løyse desse spørsmåla på ein effektiv måte, så må vi skjøne identitet si sentrale rolle i både samfunnsliv og politikk, seier Van Bavel.
Ved å finne saman kan ein få betre produktivitet og hindre fordomar. Nye grupper kan hjelpe deg til å bryte ut av politiske ekkokammer og hengemyrer, eller mobilisere til nødvendig endring. Gjennom ei gruppe kan leiarar leie effektivt, og skape ekte endring på problem som er større enn individet.
– Den sosiale identiteten har enorm makt over den individuelle oppførselen din, og slik formar gruppene som du høyrer til både politikk, næringsliv og kjensleliv, seier Van Bavel.