Frå vugge til vugge

– Vi treng ikkje å gå tomt for ressursar på jorda. Vi må designe alle produkt, møblar, bygg, ja heile samfunn smart, slik at ressursane får evig liv! Slik tenkjer grunnleggaren av ideen om sirkulærøkonomi, William Mc Donough.

Det er ikkje utan grunn at William Mc Donough blir kalla sirkulærøkonomiens far. Med boka «Cradle to Cradle» var han allereie i 2002 med på å skape eit referanseverk for alle som bryr seg om berekraft. No sit han ved bordet til dei fremste leiarane i verda, slik som i toppmøta i Davos, og i G20- landa.

Ordet søppel ut av ordboka

Sirkulærprofeten manar oss til å byrje å produsere gjenstandar, mat, infrastruktur, hus, emballasje og klede med ein plan for kva som skal skje med produktet etter at vi har brukt det.

– Ordet søppel må slutte å eksistere, seier Mc Donough.

Å resirkulere er ikkje nok, for sjølv i ein resirkuleringsprosess går svært mange av verdiane tapt, og materialverdien blir oftast dårlegare. Resirkulert papir har til dømes mykje dårlegare kvalitet enn nyprodusert papir, og det inneheld restar av kjemikaliar frå det opprinnelege produktet. Også plast får dårlegare kvalitet kvar gong det blir smelta om, og ein brukar store mengder energi i prosessen.

Karbon er ikkje fienden

Mc Donough ser på alle råmateriale som ein ressurs, også problembarnet karbon, som jo som kjent skaper global oppvarming når det blir slept ut i atmosfæren i for store mengder.

– Vi må berre få karbonet tilbake til sin rette plass i kretsløpet. Karbon er ikkje fienden, seier Mc Donough.

Mc Donough teiknar opp ein modell der alle produkt anten kan gå inn att i eit industrielt kretsløp, eller tilbake til naturen. I staden for å skrote ein bil når han har blitt for gamal, så vil ein kunne plukke han frå kvarandre og bruke alle materiala i til å produsere ein ny bil. I staden for fylle juice i ei flaske som varer fleire hundre år lenger enn juicen, så kan vi lage ei flaske av eit materiale som let seg kompostere. Om vi tenkjer slik om alt som vi produserer, vil vi ikkje gå tomme for råvarer på planeten.

Ein banebytande inspirator

Åsne Ådland- Dale, leiar for berekraft i Sparebanken Vest, ser fram til møte ein av sine store inspiratorar.

– Mc Donough er ein verdsleiar innan berekraft. Bøkene hans om vugge til vugge- tankegodset har stått på pensumlista mi i to tiår. Noreg er berre 2,4 prosent sirkulært. Kva skal til for at vi forstår kva dette eigentleg handlar om? Eg tru Mc Donough kan inspirere oss til ekte handling, seier ho.

 


William McDonough på Vestlandskonferansen:

  • Key note: Kva er sirkulærøkonomi, og kva potensiale ligg det her for bedrifter flest?

  • I studio under Vestlandskonferansen si TV – sending, i samtale med Åsne Ådland- Dale: Kva er status for sirkulærøkonomien i dag?

Forrige
Forrige

Krafta i eit OSS

Neste
Neste

Kva for ei vestlandsbedrift er den mest handlekraftige?