Subramanian Rangan

Professor i strategi og leiing ved INSEAD

Subramanian Rangan er ekspert på global strategi, internasjonal bedriftsøkonomi og multinasjonale selskap. Rangan er professor i strategi og leiing ved INSEAD, ein av verdas leiande handelshøgskular. Her har han også tittelen The Abu Dhabi Crown Prince Court Endowed Chair in Societal Progress, som er ein prestisjefylt akademisk posisjon ved INSEAD som fokuserer på å integrere samfunnsframgang med økonomisk prestasjon.

«Subi» Rangan blir omtalt som professoren «alle» snakkar om etter å ha høyrt han utfordre kapitalismen. Rangan meiner dagens samfunnsstrukturar ikkje strekk til. Forskninga hans undersøkjer utviklinga av kapitalismen og særleg korleis verksemder og økonomiske aktørar kan integrere resultat og framsteg på ein betre måte. Han utviklar eit læreplanverk som ikkje berre styrker kompetansen til studentar og leiarar, men også deira karakter.

Rangan har ein MBA frå MIT Sloan School of Management og ein doktorgrad i politisk økonomi frå Harvard University. Han har publisert fleire bøker og artiklar og har motteke fleire prisar for forskinga si. Rangan har også styreverv i fleire bedrifter og organisasjonar.

I 2013 grunnla han Society for Progress, eit fellesskap av framståande filosofar, samfunnsforskarar og næringslivsleiarar. Dei arbeider for å integrere prestasjon og framgang i kapitalismen og har gitt ut fleire bøker. www.societyforprogress.org