Kristine Askvik

Journalist i SHIFTER

Kristine Askvik fekk oppgåva med å opne Shifter sitt Bergenskontor i 2023. Ho fokuserer på å dekkje tema som entreprenørskap, teknologi og innovasjon på Vestlandet.

Etableringa av Shifter på Vestlandet vart støtta av Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Vest, som har som mål å fremje entreprenørskap i regionen. Shifter skal bidra til meir merksemd til det veksande gründermiljøet og gje ei plattform for fleire unike historier på Vestlandet.

Tidlegare har Askvik jobba som vaktsjef og journalist i Avisa Hordaland. Ho har òg erfaring frå Bergens Tidende og NRK. I tillegg har Askvik vore gründer i helseteknologiselskapet weCare Family, noko som gjev henne ein unik kombinasjon av erfaring frå både journalistikk og entreprenørskap.