
Jonas Gahr Støre
Statsminister
Statsministeren er den fremste blant regjeringsmedlemmene og har ansvar for å samordne og leie arbeidet i regjeringa.
Jonas Gahr Støre er fødd 25. august 1960. Han er gift med Marit Slagsvold, og saman har dei tre barn. Støre er utdanna ved Befalsskolen for Marinen ved Sjøkrigsskolen i Bergen 1979–1981 og tok deretter utdanning som statsvitar med spesialisering i historie og sosialøkonomi ved Institut d'études politiques de Paris i Frankrike 1981–1985.
Han vart tilsett som spesialrådgivar ved Statsministerens kontor i 1989 og vart i 1995 utnemnd til ekspedisjonssjef for internasjonale saker ved same kontor. Deretter var han stabssjef ved Gro Harlem Brundtland sitt kontor i Verdens helseorganisasjon frå 1998 til 2000.
Jonas Gahr Støre var utanriksminister i Jens Stoltenberg si andre regjering frå 2005 til 2012 og deretter helse- og omsorgsminister frå 2012 til regjeringsskiftet i 2013. Han var også statssekretær og stabssjef ved Statsministerens kontor frå 2000 til 2001 og har elles bakgrunn frå embetsverket og humanitære organisasjonar, mellom anna som generalsekretær i Norges Røde Kors frå 2003 til 2005.
Støre vart leiar av Arbeidarpartiet i 2014 og har vore stortingsrepresentant for Oslo sidan 2009. Han har vore medlem av finanskomiteen, utanriks- og forsvarskomiteen og den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.
Jonas Gahr Støre vart statsminister 14. oktober 2021.