
Gudmund Hernes
Tidl. utdanningsminister og helseminister
Gudmund Hernes har hatt leiande roller innan norsk politikk og akademia. Han er sosiolog og tidlegare politikar for Arbeidarpartiet.
Hernes var kyrkje-, utdannings- og forskningsminister og helseminister på 1990-talet. Han er særleg kjend for å ha gjennomført store reformar i norsk skule. Med Reform 94 fekk alle ungdommar rett til tre år vidaregåande opplæring og det vart integrert generell utdanning i yrkesfaga. Med Reform 97 innførte Hernes tiårig grunnskule med skulestart for seksåringar og eit nytt læreplanverk.
Hernes har vore professor ved Harvard University, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Han er framleis aktiv i samfunnsdebatten.