Kodak: Til botnen og opp igjen

Filmgiganten Kodak var selskapet som tok vare på minna dine, men så gjekk dei sjølve i gløymeboka. Kan dei skape eit nytt «Kodak moment» ved å bruke gamal ekspertise på nye område?

Filmgiganten Kodak gjekk heilt til botnen då filmrullar vart danka ut av digitale kamera. Dei gjekk frå å vere den fjerde mest kjende merkevara i verda, med 30 000 tilsette berre innan produksjon av filmrullar, til å søkje om konkursbeskyttelse i 2012.

Minnefabrikken som vart gløymd

Uttrykket «a Kodak moment» gjekk frå å bety ein augeblink som var verd å ta vare på, til å stå som eit talande bilete på nokon som ikkje skjøner samtida og som ikkje omstiller seg i tide. No peikar pilene for første gong oppover igjen for Kodak, etter ein skikkeleg snuoperasjon.

—      Vi måtte endre retning, eller så hadde vi ikkje klart det. Selskapet hadde mista motet og fått ein offermentalitet. No må vi vere krigarar.

Det seier CEO i Kodak, Jim Continenza, i Intervju med Rochester Business Journal. Når han no kjem til Vestlandskonferansen vil han vise at Kodak framleis kan inspirere, og korleis dei har tatt merkevara tilbake.

Tilbake til røtene

Continentza vart henta inn som arbeidande styreleiar i Kodak i 2013, året etter dei var nær konkurs. Han er kjend for å vere ein spesialist på å snu selskap rundt, og han har hjelpt ei rekkje teknologiselskap med å omstille seg.

Kodak har over 31000 patent, og det kunne vere vanskeleg å finne retning, så Continenza sitt viktigaste grep vart å ta Kodak heilt tilbake til røtene. Heilt grunnleggande har dei unik ekspertise i å legge tynne lag med avanserte, kjemiske materiale. Då er vegen ikkje så lang frå produksjon av filmrullar, til produksjon av til dømes bilbatteri, der også kjemikaliar skal leggast i tynne, presise lag.

Lag på lag

No satsar Kodak på tre hovudområde som alle har dette til felles, at dei brukar avanserte kjemiske prosessar til å legge tynne lag av avanserte materiale oppå kvarandre. Dei produserer framleis filmrullar, dei utviklar lysblokkeringsteknologi, og dei produserer batteri. Då Kodak la fram kvartalsresultata sine i november kunne dei vise til seks samanhengande kvartal med vekst, samt eit lite overskot.

—      Eg ser ikkje så mykje på kva som skjer frå dag til dag, eller kva som skjedde i år. Eg bryr meg om neste år, og om året etter, seier Continenza.

 

Forrige
Forrige

Kva for ei vestlandsbedrift er den mest handlekraftige?

Neste
Neste

Kristin Harila til Vestlandskonferansen